Sist veke fekk Frua ein utfordring frå HagenpåHytta, og difor skal ho no rekna opp femten bloggar ho tykkjer vel om. Dette skulle vera ei smal sak, om ikkje femten så i det minste ein god del. Det er jo slik at ein lett blir sitjande framfor pc-en noko meir enn kva som lurt er, lese og få inspirasjon.
Så, i dag; her kjem lista over bloggar som varmt anbefalast:
-
I just had to tell you so...Alt kva denne dama rekk! Ikkje berre skriv ho godt, men ho er og ei god mor ogflink til å stella i stand til festleg lag, men ho skal og starte opp eige firma. Vi seier tvi-tvi!
-
HagenpåhyttaDenne dama har to ting Frua draumer om; fin hage og vakre negler. Ein gong skal eg og verta slik som Britt Åse!
-
MammadamenHo skriv så fint, så fint om å ha ein liten prins. Når Frua les om den vesle prinsen får ho og lyst på ein liten ein.
-
Flinke PikeEmbla, som har vore altfor snill mot alle andre. Det er ein ære å følgje henne på hennar vei fram mot eit liv der ho vert snillare mot seg sjølv.
-
Prinsessen av MakedoniaHo er berre rå. Frua skulle ofte ønske ho var noko tøffare i kvardagen. Då hjelp det å lese kva Tonje driv med!
-
...Hvorfor ikke...Ho skriv godt og morosamt, strikker fine ting i fint Raumagarn - kva meir kan ein si!
-EmmelineDet er mest ikkje mogleg å ha ei slik liste utan å nemne Emmeline? Ho har eit eiga auge for det som skjer,både på interiørfronten og i kvardagen.
-
MykstartFine små smurfar, fine strikkerier og ei bok vi ventar på!
-
Gunnhild CorwinFrua har ikkje lese Idas dans, men trur kanhende ho skal. Gunnhild skriv om det som ho vert engasjert av, og det skriv ho om slik at Frua og vert engasjert. Bra!-
-
ForeldremanualenBra blogg som balanserar det vanskelege mellom å vera ei god mor og ei curlingmamma.
-
Alt godtHo skriv om parfyme, kvardagen og om mat. No er ikkje Frua av dei råaste på kjøkenet, men her er det mogleg å få idear, og så er ho flink til å få saker og ting til å verka enkelt. Det treng vi!
Ja, det vart visst berre ti. Om de likevel er i manko på noko å lese så er det jo fleire bloggar til venstre på denne sida. Bloggar som Frua les avdi dei er bra, rett og slett! Ha ein fin dag!
Og ja, utfordringa går vidare - til dei som er nemnd og til dei som elles føler seg motivert for å setja saman enda ei lita liste no i desse hugselistedagane!