Du har kanhende lese nokre av desse romanane der heltinna vert drivande kvit, skjelv som eit ospelauv og synk saman i dei sterke armane til han som er helt? Frua har aldri skjønt korleis det er mogleg å miste all farge i andletet. Ein side av saka er å verta raud som ein bråmoden spansk tomat, men det der med å verta kvit som alabast eller kvitare enn marmor, det har vore ei gåte.
Ikkje no lenger. Vi har eit heltinneemne i heimen. For nokre dager ringde dei frå skulen; ho måtte hentast. Lita og kvit låg ho på ein sofa. I dag heldt vi henne heime...
Ein gong i veka er nok når det kjem til henting av drivande kvit unge med blanke auge, grønskjær i kinna og som hulkande fortel læraren at Eg sa til mamma og pappa at eg var kvalm, men dei sa eg måtte på skulen. Da er det betre å helde ungen heime ein dag og ikkje framstå som ei totalt uansvarleg mor.
Men i morgon er det atter ein dag, og sidan det er helg og utsikt til godver er nok helse og hudfarge attende til normalen ganske raskt.
Her produserers det innlegg så raskt at man knapt rekker følge med - og det på nynorsk til og med! God bedring til den bleke.
SvarSlettGod bedring til dattera. Og så fint det er når du skriver på nynorsk :-)
SvarSlettGod bedring og god helg :)
SvarSletteg har opplevd det same sjølv- med min son. eg trudde ikkje på han men sende han på skulen med nådelaust konklusjon: "er ikkje rart du er litt smårar i magen og trøytt, du som spelar så mykje x-boks!" Ein time etter fekk eg beskjed om guten var på veg heim att- drivande kvit i andletet..... Nådelause mødre treng av og til korrigering.
SvarSletthehe. Så gøy at du skriver nynorsk! Det inspirerte jammen!
Elisabeth: Mye som skal ut ( og mange gode unnskyldninger for å ikke jobbe)
SvarSlettHH: Kanskje jeg burde skrive mer på nynorsk?
Juni ( og dere andre): Takk, hun ble frisk som en fisk utpå kvelden.
Akeleie:Huff, det er i slike situasjoner man føler seg som en særdeles dårlig mor. Nynorsken kommer og går, det kommer nok mer av den sorten etter hvert:)