fredag 29. mai 2009

Ein nynorsk dag

Frua har fått ein artikkel inn i haustens utgåve av ei Årbok frå Barndommens dal. Dette er umåteleg stor stas for ei som likar å skrive, men vakne lesarar skjønar kan hende kva som er fruas problem...Den må skrivast om, til nynorsk. Og sidan ein er ein venleg sjel som vaks upp med nynorsk som hovudmål, er det lett å seia ja til å gjera jobben sjølv. Jobben har vorte utsett og utsett, men i dag hadde ikkje frua noko val. Ho har brukt føremiddagen på arbeidet, og vart overraska over kor lett det flaut etter kvart. Det er godt å sjå at gamal kunnskap ligg der ein plass, sjølv etter meir enn tjuge år...Men ho lovar - dette vert ikkje det viktigaste skriftspråket her i heimen.



Barndommens dal er fin og flott, men nynorsken hører ikke til de lykkeligste minnene derfra. Noe som ikke skyldes språket i seg selv, men lærernes ivrige messing om at dette var det uovertrufne språk, og deres nokså nedlatende holdning til oss som kom fra bokmålfamilier.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar