fredag 22. oktober 2010

Som i ein roman

Du har kanhende lese nokre av desse romanane der heltinna vert drivande kvit, skjelv som eit ospelauv og synk saman i dei sterke armane til han som er helt? Frua har aldri skjønt korleis det er mogleg å miste all farge i andletet. Ein side av saka er å verta raud som ein bråmoden spansk tomat, men det der med å verta kvit som alabast eller kvitare enn marmor, det har vore ei gåte.
Ikkje no lenger. Vi har eit heltinneemne i heimen. For nokre dager ringde dei frå skulen; ho måtte hentast. Lita og kvit låg ho på ein sofa. I dag heldt vi henne heime...
Ein gong i veka er nok når det kjem til henting av drivande kvit unge med blanke auge, grønskjær i kinna og som hulkande fortel læraren at Eg sa til mamma og pappa at eg var kvalm, men dei sa eg måtte på skulen. Da er det betre å helde ungen heime ein dag og ikkje framstå som ei totalt uansvarleg mor.
Men i morgon er det atter ein dag, og sidan det er helg og utsikt til godver er nok helse og hudfarge attende til normalen ganske raskt.

5 kommentarer:

  1. Her produserers det innlegg så raskt at man knapt rekker følge med - og det på nynorsk til og med! God bedring til den bleke.

    SvarSlett
  2. God bedring til dattera. Og så fint det er når du skriver på nynorsk :-)

    SvarSlett
  3. God bedring og god helg :)

    SvarSlett
  4. eg har opplevd det same sjølv- med min son. eg trudde ikkje på han men sende han på skulen med nådelaust konklusjon: "er ikkje rart du er litt smårar i magen og trøytt, du som spelar så mykje x-boks!" Ein time etter fekk eg beskjed om guten var på veg heim att- drivande kvit i andletet..... Nådelause mødre treng av og til korrigering.

    hehe. Så gøy at du skriver nynorsk! Det inspirerte jammen!

    SvarSlett
  5. Elisabeth: Mye som skal ut ( og mange gode unnskyldninger for å ikke jobbe)
    HH: Kanskje jeg burde skrive mer på nynorsk?
    Juni ( og dere andre): Takk, hun ble frisk som en fisk utpå kvelden.
    Akeleie:Huff, det er i slike situasjoner man føler seg som en særdeles dårlig mor. Nynorsken kommer og går, det kommer nok mer av den sorten etter hvert:)

    SvarSlett