søndag 6. desember 2009

Andre søndag i advent

Det kjennest som om veggane sig tettare og tettare inn på Frua. Den store gleda over å skulle gje ut bok er like stor, men samstundes som manus skal reisa seg som ein fugl Føniks i nynorsk språkdrakt skal fire bunader få dei siste stinga og dei siste knapphola. Dei søte små skal stelle i stand til jul, det skal pyntast og bakast og juleverkstad for ein sjetteklasse skal planleggjast. Ja, Frua er takksam for at ho for fleire år attende gjekk burt frå raudt hår og no er naturleg melert. Om ikkje det hadde skjedd ville ho nok ha gått jula i møte med ein imponerande ettervekst.
I dag skal pepperkakebaksten i hus, då har vi noko å knaske på fram mot jul og så får vi vone at mor kjem med ein ny ladning frå Barndomens dal når det lir mot jul!

2 kommentarer:

  1. Hehehe - naturlig melert er finfint, det! Heier på deg, syntes du er en ressurs! klem på deg, fine Fru Storlien! :)

    SvarSlett
  2. Embla: jeg føler meg me som en klut enn en ressurs, men takk. Jeg blir altid glad for pene ord!

    SvarSlett