søndag 9. juli 2017

Bunadutstilling


Hvis du tilfeldigvis befinner deg i nærheten av Notodden i sommer bør du absolutt ta turen innom Heddal Bygdetun og se utstillingen om Anne Bamlebunadene.



En detaljrikdom av en annen verden, utallige variasjoner og en enkel innføring i hvor mange valgmuligheter som kan finnes i en og samme bunad. Utstillingen er ikke stor, men den er stor nok. Du ser hele bunader, eksempler på skjortebroderier og gamle prikkemønster. 
















Anne Bamle 1884- 1972

Anne Bamle, som i dag er kjend for å ha utvikla det ho sjølv kalla Heddalsbunaden, blei fødd 13. november 1884 på garden Bamle i Nordbygda i Heddal.
Etter at ho hadde fullført skulegangen på Notodden, gjekk ho ei kort tid i lære hos ei sydame i Skien. Seinare drog ho til Oslo. Medan ho budde i Oslo, tok ho på seg sundagsvakter på Norsk Folkemuseum på Bygdøy. Der fekk ho interesse for soga og gamal bygdekunst. Anne Bamle vanka også ein del i Bondeungdomslaget, kor det var mykje aktivitet og mange kulturpersonar som sette fokus på den norske folkekunsten
 I Oslo kom ho i kontakt med miljøet kring kulturentreprenøren Hulda Garborg (1862-1934). Ho henta inspirasjon frå gamle folkedrakter i arbeidde med å lage nye festdrakter. Forretninga «Heimen» tok på seg oppdraget med å saume draktene. «Heimen» hadde i fleire år laga ei «Hitterdalsdragt», inspirera av dei gamle raudtrøyekleda som blei bruka i fleire bygder i Aust-Telemark i fyrste halvdel av 1800-talet.
 Anne Bamle sauma si fyrste bunad i 1914 etter mønster frå «Heimen».  Det var denne bunaden ho tok utgangspunkt i da ho etter fleire år i Oslo slo seg ned som bunadsyerske i Notodden.
 Ho reiste rundt om på gardane Heddal og nærliggande distrikt og spurde etter gamle raudtrøyedrakter eller delar av slike. Inspirasjon til broderia henta ho frå dei broderte sokkane og vantane som blei bruka til dei gamle kleda. I tillegg til det ho hadde sett og lært den tida ho var i Oslo, blei det ho fant i skåp og kister grunnlaget for det som skulle bli hennar eigen variant av drakta frå bygdene i Aust-Telemark.




Inspirasjon Anne Bamle henta inspirasjon frå dei gamle raudtrøyekleda som blei bruka i Aust-Telemark i fyrste halvdel av 1800-talet.
Sjølv om Anne Bamle henta inspirasjon frå dei gamle folkedraktene, tilførde ho også mykje nytt til bunaden ho konstruera. Nede på stakken utvikla ho store og vakre broderi og bak på trøya sette ho ei rose fordi ho meinte det var så snøtt der. Det er særleg bruken og omfanget av broderi som kjenneteiknar Anne-Bamle-bunaden.
Anne Bamle syntes det var viktig at folk kledde seg rett når dei gjekk i bunad, med svarte sko og strømper og med noko på hovudet. Ho laga difor falske lausvipper, sidan mange ikkje hadde langt hår. Til dei gamle kleda blei det bruka kvitt linskaut med oppåknytt silkeplagg. Dette er noko Anne Bamle vidareførde, men i tillegg sauma ho ei rose på snippen bak på skautet. Til bunaden laga ho også ei låslomme fordi det ikkje passa å bruke ei vanleg handveske til. Sjølv sa ho at: «Ikkje elt det gamle va fint. Det e om å gjørå å få det så fint som råd, gjer ein ikkje det, vi ingen ha det».
Såleis kan ein seie at arbeidet hennar ikkje berre er rekonstruksjon av gamle klede. I si levetid var Anne Bamle involvera i arbeidet med om lag 2000 bunader. Ofte fekk ho andre til å brodere for seg, men mønstra teikna ho sjølv på. Ho let kunstnaren og estetikaren få stort spelerom. Mangfaldet i broderia hennar, både når det kjem til bruk av farge og form, vitnar om nettopp dette. Ein seier at Anne Bamle-bunaden anten har ranke- eller prinsessebroderi. Rankemønsteret har lange tradisjonar lokalt, men prinsessemønsteret var det Anne Bamle som utvikla. Namnet «prinsesse» viser til dei så kalla «prinsessebunadene. Heile tre bunader blei i si tid gitt til kronprinsesse Märtha. Den fyrste bunaden blei borte under brannen på Skaugum i 1930 og den andre forsvann under okkupasjonen. Den tredje bunaden har barnebarnet prinsesse Märtha Louise arva. På den fyrste «prinsessebunaden» flytta Anne Bamle rosene frå mora si brudesokkar over på bunadstakken. Det var desse rosene som blei utgangspunktet for prinsessemønsteret.

Tekstene om Anne Bamle kommer fra hjemmesiden til Heddal Bygdetun

Hvis du vil lese mer om Anne Bamle og bunadene anbefales boka Anne Bamle og Øst-Telemarksbunaden - et livsverk av Anne Haugen Wagn og Guro Nordby.

 Utstillingen er initiert av Alfhild Jørgensens Eftf på Notodden, butikken som har størst utvalg av arbeidene hennes.

Heddal Bygdetun er åpent hver dag 10 - 17,  og utstillingen står frem til 31.august. Og forresten - hvis du ikke har umiddelbare planer om Telemarkstur så bør du tenke deg om - denne utstillingen er verdt å få med seg.

1 kommentar:

  1. Så fin en blogg du har laget om årets utstilling på bygdetunet! Jeg kan love deg at vi får mange positive tilbakemeldinger på den, og det er morsomt å vise den til våre besøkende - både utenlandske og norske. mvh Lise - som er omviser på tundet

    SvarSlett